Annonse

Få unge innvandrarar føler seg diskriminerte

74 prosent av innvandrarar mellom 16 og 25 år opplever ikkje diskriminering i kvardagen, ifølgje ei undersøking Sentio har gjort for P4 Nyhetene.

48 prosent svarar at dei i svært liten grad opplever diskriminering, 26 prosent svarar i liten grad, 7 prosent svarar i stor grad og 1 prosent svarar i svært stor grad.

Forskingsleiar Jon Rogstad ved forskingsstiftinga Fafo seier til radiokanalen at tala er meir positive enn liknande undersøkingar dei har gjort.

- Dette viser at mange opplever at det er bra å bu i Noreg, og at dei ikkje opplever noko ekstra hinder på grunn av minoritetsbakgrunnen, seier Rogstad.

Forskingsleiaren trur mange har ei oppleving av at det er mykje meir diskriminering enn det som faktisk er tilfelle.

Direktøren i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, Libe Rieber-Mohn, trur fleire innvandrarar i Noreg også fører til at diskrimineringa blir mindre. Men diskriminering overfor innvandrarar generelt er framleis ei utfordring.

- Det viser seg at personar med innvandrarbakgrunn opplever å bli diskriminert på bustadmarknaden, særleg leigemarknaden. Det er også 25 prosents mindre sjanse for å bli kalla inn til jobbintervju dersom du har innvandrarbakgrunn, seier Rieber-Mohn.

(©NPK)