Annonse

Fallande sjåartal for Premier League

(NPK-NTB): Sky Sports opplever kraftig sjåarnedgang rundt sine Premier League-sendingar. Kampane i haust er blitt sett av 19 prosent færre sjåarar enn førre sesong, skriv The Guardian.

Samtidig vart storoppgjeret mellom Liverpool og Manchester United sett av 2,8 millionar sjåarar i Storbritannia sist veke. Det er den mest sette enkeltkampen på tre år.

Her heime hadde TV 2 Sport Premium nesten 300.000 sjåarar på den same kampen.

Det er ingen tvil om at sjåarnedgangen samla sett uroar TV-kanalane. Ein nedgang er ikkje uventa sidan populære lag som Newcastle og Aston Villa har rykt ned.

Samtidig viser BT Sports tal at nettbruk og appsjåing er auka med 17 prosent hittil i sesongen.

Stadig færre kampar er tilgjengeleg i direktesending samanlikna med for berre eit par år sidan. Både laurdagskampar og søndagskampar er blitt avgrensa. I tillegg stiller Guardian spørsmålet om kvifor folk eigentleg skal betale i dyre dommar for å sjå fotball, så lenge den finst gratis tilgjengeleg via diverse strøymesider.

Desse sidene er rett nok ulovlege, men det hindrar ikkje tusenvis frå å omgå betalingsmuren for dyre sportsrettar. (©NPK)