Annonse

Færre sauer drepne av rovvilt

Ei førebels oversikt viser at 825 sauer blei drepne av ulv, bjørn, gaupe, jerv og kongeørn fram til 1. august. Dei siste åra har talet gått ned.

I fjor på same tid var 850 sauer tatt av rovvilt, og dermed har man hatt ein svak nedgang. Seksjonsleiar Lars Bendik Austmo i seksjon for rovvilt i Statens naturoppsyn fortel at statistikken dei siste åra kan tyde på at tapstala er blitt varig redusert.

- Om ein samanliknar dei siste fem åra med dei femti førre, har det skjedd noko når det gjeld tap. Det er alltid variasjonar mellom år, men grafen kan tyde på at vi kanskje har lykkast i å redusere tapa, seier han til NTB.

Regionale skilnadar

Bjørnen er det einaste av dei frede rovviltartene som har tatt fleire sau i år enn i fjor. Så langt i 2018 er det påvist at bjørnen har tatt 250 sau, noko som er 80 fleire enn på same tid i fjor, opplyser Miljødirektoratet.

Fram til 1. august blei 370 sau tatt av ulv, noko som er relativt høgt i forhold til tidlegare år, men ein nedgang frå i fjor. For gaupe, jerv og kongeørn held fram ein mangeårig trend med nedgang.

Sist gang de totale tapstala var på over 1.000 sau på denne tida av året, var i 2013. Austmo strekar likevel under at tala gjeld for heile landet.

- Det vil alltid vere nokon som har hatt ein verre tapssesong i år enn året før. Sjølv om det ser bra ut på landsbasis, er det framleis enkelte brukarar og beitelag som har store utfordringar, seier han.

- Vellykka

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) er fornøgd med at det totale talet har gått ned så langt i år og håper trenden held fram ut året.

- Arbeidet med å få ned tapstala på sau til rovvilt har vore vellykka, og dei erstatta tapa er redusert med over 40 prosent frå 2013 til 2017. Dette er ein stor reduksjon, og vi arbeider for å redusere tapa ytterlegare, seier Elvestuen.

(©NPK)

Sau tatt av ulv. Bildet er tatt i 2015. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix