Annonse

Fem døde etter politijakt i Texas

Minst fem personar omkom då ein bil med ulovlege innvandrarar som vart jaga av politiet, køyrde av vegen i Texas i USA søndag.

Politijakta fann stad i nærleiken av byen Big Wells, rundt 80 kilometer unna grensa til Mexico, ifølgje CNN.

SUV-en hadde høg fart og enda med å køyre av vegen og trille rundt. Det var 14 personar i bilen. Fleire av dei vart kasta ut.

Fire omkom momentant, mens ein person døydde på sjukehus, ifølgje sheriff Marion Boyd.

12 av dei 14 var ulovlege innvandrarar, ifølgje Boyd. Han seier politiet ofte endar opp i ein slik jakt på personar mistenkte for smugling av menneske og narkotika.

(©NPK)

Foto: David Caltabiano / KABB / WOAI / AP / NTB scanpix