Ti fotturistar mista livet i flaum i Sør-Italia

Minst ti turistar har omkomme i ein plutseleg flaum i Calabria-regionen heilt sør i Italia, opplyser lokale redningstenester. Fleire er sakna.

Ifølgje Reuters har talet på omkomne stige til ti.

I alle fall åtte av desse var ein del av ei større gruppe på 15 personar som følgde breidda til den lokale Raganello-elva i nasjonalparken Pollino. Utan forvarsel steig vatnet i elva brått etter kraftig regn høgare oppe i elveleiet, og mange vart tatt av dei frodande vassmassane.

Minst 23 menneske har blitt redda, sju av dei er skadde, ifølgje nyheitsbyrået AP. Ein av dei er ein ti år gammal gut som vart behandla på sjukehus etter å ha blitt kraftig nedkjølt.

Lokale redningsmannskap seier det var rundt 30 personar i fleire grupper i nasjonalparken då vêret slo om med kraftig vind, regn og flaum. Dei har likevel ikkje fullstendig oversikt, ettersom fleire oppheldt seg der utan guidar eller utan å ha registrert seg.

Det er ikkje kjent kva nasjonalitet dei omkomne og sakna fotturistane har, men dei fleste tilreisande til dette området er vanlegvis italienske.

Eit helikopter er sett inn i leitinga, og mannskapa på bakken har brukt kraftige lyskastarar for å kunne arbeide gjennom natta. Fleire stader er partia ned til elva så bratte at redningsmannskapa må rappellere ned ved hjelp av tau.

(©NPK)

Redningsmannskap letar etter sakna ved juvet der elva Raganello renn i nasjonalparken Pollino i Calabria. Ti fotturistar har omkomme i ein plutseleg flaum, og fleire er sakna.
Foto: ANSA via AP/NTB scanpix

Fleire av partia ned til Raganello-elva er så bratte at det er ei stor utfordring for redningsmannskapa å ta seg ned. Foto: Foto: Antonio Iannicelli / ANSA via AP / NTB scanpix