Annonse

Fleire vel humanistisk konfirmasjon

Til saman har 10.509 ungdommar valt humanistisk konfirmasjon i 2017. Det svarar til 17,4 prosent av årskullet og er den høgste delen nokon gong.

Seremonisjef Lene Mürer i Human-Etisk Forbund er strålande fornøgd med tala.

- Det er fantastisk at så mange unge ønskjer å bruke tida si på å diskutere og reflektere over tema som etikk, identitet og menneskerettar, seier Mürer.

Kritisk tenking er eitt av hovudtemaa på konfirmasjonskursa, noko Mürer meiner er særleg viktig i desse dagar.

- I dagens informasjonssamfunn er evna til å tenkje kritisk og sjølvstendig viktigare enn nokon gong, og det er nettopp det vi ønskjer å formidle til ungdommane på kurs, seier ho.

Færrast vel humanistisk konfirmasjon i Sogn og Fjordane, der berre 5,7 prosent av årskullet med 15-åringar går for dette alternativet. Tilbodet er mest populært i Vestfold med 25,7 prosent og i Oslo med 24 prosent. Det vert ikkje stil krav om at ein må vere medlem i Human-Etisk Forbund for å delta i humanistisk konfirmasjon.

Til samanlikning valde 60 prosent av 15-åringane i landet konfirmasjon i Den norske kyrkje i fjor.

(©NPK)