Annonse

Forskarar åtvarar om at insekt forsvinn

Tyske forskarar åtvarar om det dei kallar eit alarmerande fall i talet på flygande insekt. Det kan få konsekvensar både for økosystem og matproduksjon.

Forskarane har granska funn frå insektfeller i 63 naturreservat over ein 27-årsperiode. Nedgangen i talet på insekt midtsommars er på opptil 82 prosent.

Nedgangen i insektbestandane i Tyskland er større enn den antatte nedgangen i insektbestanden globalt, som er rekna til 58 prosent mellom 1970 og 2012, heiter det i ein rapport som ei gruppe tyske forskarar har offentleggjort i nettpublikasjonen Plos One.

Forskarane trur årsaka til insektkrisa verken er klimaendringar eller endringar i landskapet. Deira teori er at omfattande jordbruk og bruk av insektmiddel ligg bak.

Insekt spelar ei sentral rolle i pollineringa av planter. Dei er òg ei viktig matkjelde for fuglar, pattedyr og amfibium.

(©NPK)

Husfluge i nærbilete. Talet på flygande insekt søkk, ifølgje tyske forskarar. Foto: Per Løchen / NTB scanpix