Annonse

Første asylsøkar til Storskog på nesten ti månader

(NPK-NTB): Fredag kom den første asylsøkaren på nesten ti månader til grenseovergangen frå Russland på Storskog i Finnmark.

– Det kom éin kar i dag, stadfestar operasjonsleiar Jan Arne Pettersen i Finnmark politidistrikt overfor iFinnmark.

Den samiske avisa Sàgat melde først at vitne hadde sett ein ung mann på sykkel som kanskje skulle søke asyl.

Skildringane frå grenseovergangen står i sterk kontrast til situasjonen ved Storskog i Sør-Varanger i fjor. Då kom rundt 5.500 asylsøkjarar trillande til grensestasjonen på kort tid, noko som førte til at politikarane kjente si gjestingstid og besøkte grenseovergangen frå Russland.

Etter at det blei gjort lovendringar, etablert ny asylinstruks og forhandla med russarane i fjor, stoppa trafikken nærmast på dagen. Sist gong det kom ein asylsøkar til Storskog var 30. november. (©NPK)