Annonse

Franskmenn spør seg korleis kyrkjeangrepet kunne skje

(NPK-NTB-AFP): Skaka franskmenn prøver å forstå korleis ein terrorsikta 19-åring, som hadde på seg elektronisk fotlenke, kunne angripa ei kyrkje midt på lyse dagen og drepa ein 86 år gammal prest.

– Det skal ikkje vera mogleg at ein som er terrorsikta blir sett fri og sett i husarrest, seier nestleiar Frederic Lagache i det franske politiforbundet.

Mohammed Karabila, som leier det muslimske regionrådet der kyrkjeangrepet skjedde, stiller seg kritisk til politiet.

– Korleis kan ein person som hadde på seg ei elektronisk fotlenke gjennomføra eit slikt angrep. Kor var politiet, spør han.

Adel Kermiche blei først arrestert då han prøvde å reisa til Syria, utstyrt med passet til broren, opplyser den franske statsadvokaten François Molins.

19-åringen blei sett fri under rettsleg tilsyn, men flykta då til Tyrkia. Der blei han arrestert på nytt og utlevert til Frankrike. Etter å ha blitt halden i varetekt fram til mars i år blei han sett fri og utstyrt med ei elektronisk fotlenke, som gav han høve til å forlata huset mellom klokka 8 og 12.30 på kvardagar. (©NPK)