Annonse

Fugl laga kortslutning ved Oslo S – 150 evakuert

(NPK-NTB-Alexander Vestrum): 150 menneske måtte evakuerast frå eit tog i tunnelen ved Oslo S etter ei kortslutning fredag. Truleg kom feilen at ein fugl flaug inn i det straumførande anlegget.

Meldinga om saka kom ved 15.30-tida fredag.

Dei første meldingane dreidde seg om brann eller røykutvikling, men ifølgje Oslo-politiet var det snakk om ei elektrisk kortslutning.

– Det var mest sannsynleg ein fugl som krasja inn i det straumførande anlegget omtrent 20 meter inn i tunnelen frå Oslo S, seier pressevakt Harry Korslund til VG.

Eli Gjestvang var blant passasjerane som måtte evakuerast. Ho anslår at dei måtte vere i toget i rundt éin time før det skjedde.

– Det var ein eller annan som var irritert fordi han hadde ein avtale, og ein del foreldre måtte ringe barnehagar og ordne med henting. Men elles var folk rolege, fortel Gjestvang til NTB.

All togtrafikk vart stengt på grunn av kortslutninga, men rett etter klokka 16 vart det opna for trafikk med redusert sporkapasitet, ifølgje Jernbaneverket. (©NPK)