Graham Hansen med mål og målgjevande i storsiger

Caroline Graham Hansen var sterkt delaktig i at Wolfsburg tok eit langt steg mot meisterligasemifinale i fotball etter 5-0-siger heime mot Slavia Praha torsdag.

Den norske landslagsspelaren starta kampen ute til venstre, og fekk sjå lagvenninne Pernille Harder sette inn 1-0 etter tolv minutt.

Berre minuttet etter var Hansen på plass og auka til 2-0. Deretter tok «Caro» over servitørrolla då Sara Gunnarsdottir la på til 3-0.

Danske Harder auka til 4-0 etter 58 minutt, mens Ewa Pajor fjerna så å seie all tvil og spenning før returoppgjeret med si 5-0-scoring i det 85. minutt.

Hansen vart bytt ut fem minutt før Pajors scoring.

(©NPK)

Caroline Graham Hansen scora éin gong då Wolfsburg slo Slavia Praha 5-0 i meisterligaen torsdag. Her frå ein landskamp mot Nederland. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix