Annonse

Haxi-sjåfør frå Stavanger tilkjent erstatning 

En sjåfør registrert i taxiappen Haxi er tilkjent erstatning på 20.000 kroner av staten etter å ha blitt frikjent i Høgsterett.

Sommaren 2016 frikjente Høgsterett fleire Haxi-sjåførar for pirattaxikøyring fordi lovverket ikkje har vedtekter som gjeld slike applikasjonar. No har ein av dei fått innvilga erstatning for straffeforfølging, skriv E24.

Sjåføren, som ønsker å vere anonym, kravde 30.000 kroner i skjønnsmessig oppreisning. Statens sivilrettsforvaltning tilkjente 20.000 kroner i oppreisning. Sjåføren fekk ikkje medhald i kravet om erstatning for økonomisk tap.

Haxi er ei nettbasert taxiteneste, og passasjeren kan sjølv velje spesifikke sjåførar, og sjåførane prisset transporten sjølv. Brukarane registrerer seg som sjåfør og/eller passasjer, og bilistane skriv kvar dei er på veg.

(©NPK)

Illustrasjonsbilde av appen Haxi. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix