Annonse

Hedegaard: Arktis-olje har ein for høg pris

Oljeutvinning i Arktis har ein for høg økonomisk og sosial, men også velstands- og sysselsetjingsmessig pris, meiner tidlegare EU-kommissær Connie Hedegaard.

Viss verda skal leva opp til sine eigne klimalovnader i Parisavtalen, kan vi ikkje vera så avhengig av fossilt brensel, slår ho fast.

- Viss eg skulle tenkja på kva som er framtida for oss som bur i det arktiske området, ville eg ikkje først og fremst sjå mot dei fossile brensla, seier Hedegaard til NTB.

- Eg trur ikkje det er bra forretningsmessig, fordi det er for store risikoar med det. Derfor trur eg det er klokt allereie i dag å sjå etter andre moglegheiter, seier den danske politikaren under konferansen Arctic Frontiers i Tromsø.

- Eg er heilt klar over at det er lettare sagt enn gjort - for kor mange andre moglegheiter er det? Men med den utviklinga vi ser, også på til dømes oljeleiting, trur eg ganske enkelt det ikkje er ei berekraftig framtid for Arktis å seia «vi vil leita etter og vinna ut olje i Arktis». Eg trur prisen blir for høg - både den økonomiske og sosiale og dermed i siste instans også den velstandsmessige og sysselsettingsmessige prisen.

(©NPK)