Annonse

Helsedirektoratet fryktar dårlegare helseomsorg på bygda

Helsedirektoratet fryktar at eldre buande i innlandet og i Nord-Noreg vil få ei dårlegare framtid enn gamle som bur i byane.

Årsaka er at ungdommen flytter frå bygda, og at det dermed blir færre igjen til å ta seg av dei eldre. Det kjem fram i rapporten «Omsorg2020» laga av Helsedirektoratet og Husbanken for Helse- og omsorgsdepartementet.

- Vi er urolege for at vi får både aukande geografiske og sosiale helseforskjellar, seier toppsjefen i Helsedirektoratet, Bjørn Guldvog, til VG.

Rapporten viser at eldre over 67 år utgjer i underkant av 20 prosent av befolkninga i dei minste kommunane i innlandet og i nord, mens delen i dei største byane er nede i 12 prosent.

Framskrivinga frå Statistisk sentralbyrå viser at delen av befolkninga frå dryge 21 prosent i dag i for eksempel Hedemark vil auke til 27,3 prosent i 2040. I Oslo vil det i same tidspunkt auke frå 12,3 til 16,7 prosent.

- Kommunane må tenkje nøye gjennom korleis dei langtidsplanlegg. Dei må tenkje nytt og klokt, og få til ei betre samhandling kommunar imellom og vurdere behovet for å slå seg saman, meiner Guldvog.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix