Annonse

Horneland takka nei til FKH

(NPK-NTB): Eirik Horneland ønskjer ikkje å bli hovudtrenar for FK Haugesund no. Dermed held Andrea Loberto fram med å leia eliteserielaget.

Jostein Grindhaug og FKH har hatt samtalar med tidlegare Haugesund-spelar Eirik Horneland (41) om den ledige jobben som hovudtrenar, men 41-åringen ønskjer å halda fram i jobben som G19-landslagstrenar for Norges Fotballforbund.

– Eg hadde fine samtalar med FKH, som eg alltid har. Men eg trivst svært godt i NFF og eg går vidare i det arbeidsforholdet, seier G19-landslagstrenaren til Haugesunds Avis.

Horneland har fleire år som spelar bak seg på Haugalandet, og var assistenten til Grindhaug i klubben frå 2009 til 2014.

Andrea Loberto (41), som rykte opp i sjefsstolen då Mark Dempsey noko overraskande valde å trekkja seg som hovudtrenar, leier laget mot Sogndal søndag.

– Det kan også bli løysinga i fleire kampar etterpå. Eg har ikkje lyst å setja ein frist for når dette skal vera på plass. Vi er ikkje i ein situasjon der vi har dårleg tid, seier Grindhaug til lokalavisa. (©NPK)