Annonse

HRW: Myanmar har utsletta Rohingya-landsbyar 

Satellittbilde viser at Myanmar har jamna fleire rohingya-landsbyar med jorda, ifølgje Human Rights Watch (HRW).

Satellittbilde viser at Myanmar har jamna fleire rohingya-landsbyar med jorda, ifølgje Human Rights Watch (HRW).

650.000 rohingya-muslimar vart fordrivne frå delstaten Rakhine i Myanmar til Bangladesh i fjor. No melder HRW at Myanmar sidan slutten av 2017 har reinska 55 landsbyar ved å fjerne både bygningar og vegetasjon.

- Mange av desse landsbyane er stadar der det skjedde grufulle handlingar mot rohingyaene. Dei burde bli sikra slik at ekspertar utnemnt av FN for å dokumentere mishandlinga, kan gå gjennom bevisa for å finne dei skuldige, seier HRWs Asia-direktør Brad Adams.

- Ved å bruke bulldosarar i desse områda er det fare for at ein fjernar både minna og rettane til rohingyaene som budde der.

Styresmaktene i landet har tidlegare hevda at områda vart rydda for å forbetre vegar og bygningar.

Rohingyaer vart i fjor drivne på flukt på grufullt vis etter år med stadig veksande hat mot folkegruppa. Masseutdrivinga vart dermed den raskast veksande flyktningkrisen i 2017, og var også den verste menneskerettskatastrofen i fjor, konkluderte Amnesty i ein rapport torsdag.

(©NPK)

To satellittbilde av landsbyen Thit Tone Nar Gwa Son i Rakhine i Myanmar viser korleis området har blitt jamna med jorda. Det første bildet vart tatt 2. desember i fjor, mens det andre vart tatt 19. februar i år. Foto: DigitalGlobe / AP / NTB scanpix