Annonse

Éi kvinne og åtte menn inn i Islamsk Råds nye styre

Den omstridde organisasjonen Islamsk Råd har valt nytt styret. Samira Iqbal er einaste kvinne blant åtte menn. 

Først tre dagar etter at Islamsk Råd Norge (IRN) søndag valde nytt styre, går dei onsdag ut med namna på dei ni som er valt inn, skriv Dagsavisen.

Lista viser at berre eitt av ni medlemmer er ei kvinne - Smaira Iqbal frå moskeen World Islamic Mission.

Noregs einaste paraplyorganisasjon for muslimar har lenge blitt kritisert for å ha få kvinner i toppen. Med unntak av den norske konvertitten Lena Larsen, som leidde rådet fram til 2003, har det knapt vore valt inn nokon kvinner i styret. I det mellombelse styret som blei valt i oktober i fjor, var ni av ni styremedlemmer menn.

Iqbal seier til Dagsavisen at ho synest «det er veldig, veldig fint» å bli valt inn. Utover det viser ho alle spørsmål vidare til IRNs felles-e-post.

Islamsk Råd har vore i hardt vêr denne veka etter at det blei kjent at dei hadde brukt offentlege pengar meint for ei "brubyggjar-stilling" til å tilsetje nikabkledde Leyla Hasic som ny administrasjonsmedarbeidar.

Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) varsla onsdag at ho har bedt om ei vurdering om organisasjonen oppfyller vilkåra for å få statsstøtte og har kalla organisasjonen inn på teppet.

NTB lykkast ikkje i å innhente kommentarar frå IRN onsdag kveld.

(©NPK)