Israel har tatt i bruk nye F35 kampfly 

Israel har som første land i verda tatt i bruk nyskaffa F35 kampfly, ifølgje det israelske luftforsvaret. Noreg kjøper tilsvarande fly.

- Adir-flya er allereie operative og flyr kampoppdrag, sa generalmajor Amikam Norkin på ein konferanse i Israel. Han brukte det hebraiske namnet på flyet.

Norkin, som er sjef for luftforsvaret i landet, stadfestar at Israel har blitt det første landet i verda til å gjennomføre eit angrep med F35.

- Vi angreip to gonger i Midtausten med F35. Vi er dei første i verda til å gjere det, seier han.

Mens Israel har avtalt å kjøpe 50 amerikanske F35 kampfly, planlegg Noreg å skaffe 52 fly av denne typen fram mot 2025. I desember i fjor kunngjorde det israelske luftforsvaret at ni F35-fly var operative.

(©NPK)