Annonse

Japan mistenkjer nye brot på Nord-Korea-sanksjonar

Japan mistenkjer eit nytt brot på FN-sanksjonane etter å ha observert overføring av last til eit nordkoreansk fartøy. 

Det melder det japanske utanriksdepartementet. Det er tredje gong i år Japan rapporterer om lastoverføring som kan vere i strid med FN-sanksjonane som er innførte som følgje av Nord-Koreas atomvåpenprogram.

Departementet opplyser at hendinga vart observert av eit overvakingsfly om lag 250 kilometer utanfor Shanghai i Aust-Kina-havet fredag ettermiddag.

Eit nordkoreansk tankskip skal ha lagt seg inntil eit mindre skip av ukjent nasjonalitet, som hadde kinesiske teikn på sida. Bilde som er lagt ut på heimesidene til departementet, viser det som kan sjå ut som oljeleidningar mellom skipa.

Japan opplyser at dei har varsla FN og delt informasjon med relevante land. Førebels er det ikkje kjent om Japan har tatt opp saka med Kina.

Nord-Korea har ein rad sanksjonar mot seg frå FN, blant anna ein som forbyr alle medlemsland å delta i skipstransport av varer til eller frå nordkoreanske fartøy.

Dei førre to hendingane Japan har rapportert om, handlar om eit anna nordkoreansk tankskip, som er nekta tilgjenge til internasjonale hamnar av FNs tryggingsråd.

(©NPK)