Annonse

Kaldluft frå Sibir gir ny kuldebølgje i Sør-Noreg

Den kaldaste perioden i Sør-Noreg kan komme til veka - frå Sibir. Prognosane viser ned mot 20 blå i Oslo-området.

Tysdag og torsdag får store delar av Europa inn kaldluft som stammar frå Sibir i Russland. Slår prognosane til, blir det også den kaldaste perioden Sør-Noreg har opplevd denne vinteren, ifølgje Yr.no.

- Oslo kan få ned mot 18 minusgrader, Bergen ned mot 10 minus. Det er uvanleg så seint på vinteren. Vi må heilt tilbake til 1987 for å finne noko liknande, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Det er venta under ti minus i Berlin, og både Italia og Spania må rekne med kuldegrader til veka. Sjølv om kulda frå Russland berre varer to-tre dagar, seier Fagerlid at vinteren på langt nær er over i Sør-Noreg.

- Den verste kulden blir kortvarig, men vi kjem til å ha ein kald periode med vintervêr lenge, sannsynlegvis over neste helg og kanskje endå lenger. Den kan vare ut heile mars månad for alt vi veit, seier Fagerlid.

(©NPK)

Sibir-kulda vil sette sitt preg på hovudstaden neste veke. Foto: Tore Meek / NTB scanpix.