Annonse

Klæbo om Gull-Jakob: - Viser null respekt, stor inspirasjon

Jakob Ingebrigtsen klinka til og tok to EM-gull i friidrett. Johannes Høsflot Klæbo likar det han ser av 17-åringen.

- Eg synest det han gjer er heilt rått. Han er ung og tøff, og måten han gjer det på står det respekt av. Han viser null respekt for dei andre, går i front og gjer akkurat som han vil, seier Klæbo til NTB.

Måndag var han med på ei samling med morgondagens moglege langrennsstjerner på Sjusjøen. Klæbo og Ragnhild Haga (to OL-triumfar sist vinter) er mentorar.

Klæbo tok sin første verdscupsiger som 20-åring. Han var blitt 21 då han sikra tre OL-gull i Sør-Korea.

Ingebrigtsen var framleis berre 17 då han tok gull i senior-EM både på 1500 og 5000 meter.

- Dette er veldig inspirerande for alle oss andre utøvarar uansett idrett, seier Klæbo.

- Kunne du tenkt deg ei treningsøkt saman med han?

- Eg hadde nok ikkje klart å henge på. Så det måtte i tilfelle blitt noko anna enn springing, seier Klæbo.

Han har morfaren som trenar, og det er nokre likskapar mellom hans kvardag og Ingebrigtsen-familiens opplegg. Der er pappa Gjert trenar for heile familien.

Det blir deltaking i Toppidrettsveka torsdag til laurdag for langrennsstjerna Klæbo.

- Planen er å konkurrere der. Så får vi satse på at kroppen er i slag til å vere med heilt i toppen der. Det er det vi håpar på.

(©NPK)

Johannes Høsflot Klæbo er imponert over Jakob Ingebrigtsen. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix