Annonse

Kringkastingsrådet kritisk til dokumentar om ekstremisme

(NPK-NTB): Ein NRK-dokumentar der ein journalist later som han gradvis blir stadig meir innvandringsfiendtleg og ekstrem, vart ikkje godt mottatt i Kringkastingsrådet torsdag.

I P3-dokumentaren «Ekkokammeret» prøver journalisten Ludvig Løkholm Lewin å gjennomgå ein sjølvvalt radikaliseringsprosess. Men artist og skribent Kjetil Rolness, som innleidde om saka, meiner P3 lykkast dårleg med å vise fram denne prosessen på ein realistisk måte. Han er kritisk til at dokumentaren legg vekt på radikalisering i høgreekstrem retning, i staden for islamistisk ekstremisme. Han meiner dessutan dokumentaren ikkje skil mellom legitim kritikk av islamisme eller innvandringspolitikk og ekstremisme.

Kringkastingsrådsmedlemmet Vebjørn Selbekk meiner dokumentaren ikkje held NRK-kvalitet.

– Det er samansausing av islamkritikk og muslimhat og ein klarer ikkje skilje religionskritikk og rasisme. Det er skuffande av NRK, sa Selbekk, ifølgje Medier24.

Leiar i rådet Per Edgar Kokkvold rår P3 til ikkje å stemple menneske og meiner ein bør setje søkjelyset på ein annan type ekstremisme.

– Eg meiner at vi ikkje blandar saman religionskritikk og hat så mykje som enkelte hevdar her, men vi skal ta med oss tilbakemeldingane inn i redaksjonen og jobbe vidare med desse spørsmåla, sa Bjørn Tore Grøtte, redaktør for P3. (©NPK)