Annonse

Kristiansund-politikarane får råd om å droppe sjukehus-anke

(NPK-NTB): Kristiansand kommune tapte rettssaka om plasseringa av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal. No meiner både advokaten til kommunen og rådmannen at ein anke ikkje vil føre fram.

– Det er svært lite sannsyn for at Kristiansund kommune vil få betre resultat i lagmannsretten enn i tingretten, skriv advokat Christian Galtung i si innstilling, ifølgje NRK.

Det nye felles sjukehuset for Nordmøre og Romsdal blei etter ein lang prosess lagt til Hjelset i Molde til fordel for Kristiansund eller Gjemnes.

Tidlegare i sommar tapte Kristiansund kommune rettssaka om plasseringa i tingretten. Kommunen meinte både helseføretakslova og forvaltningsloven blei brotne då helseminister Bent Høie bestemte at Hjelset skulle få det nye sjukehuset i regionen. No tilrår rådmann Karl Kjetil Skuseth politikarane i Kristiansund å avstå frå å anke dommen.

– Det står fram som klart frå dommen og advokat Galtungs vurdering at det er lite sannsyn for å vinne fram i denne saka, då dei fleste argument blei svart ut under rettssaka, skriv rådmannen til politikarane.

Bystyret handsamar saka 6. september. (©NPK)