Annonse

Lundby på sur fjerdeplass i VM

Maren Lundby leidde etter første omgang, men slo av 8,5 meter i finaleomgangen og blei nummer fire i VM-rennet i hopp. Tyske Carina Vogt vann.

Lundby hoppa 99,5 meter i første omgang i Lahti og fekk 131,2 poeng etter at alle dommarane gav henne 18 i stilpoeng. Det gav henne leiinga 2,7 poeng før verdscupleiar Sara Takanashi.

- Det var skikkeleg godt å få til eit bra hopp i det rennet her. Skikkeleg digg. Då eg kom ut av hoppet hadde eg ein heilt annan energi enn tidlegare, sa Lundby til NRK.

I finaleomgangen stod Lundby att som den hoppa sist og hadde høve til å avgjera etter at Takanashi ikkje fekk det til i hoppet sitt. Det gjorde heller ikkje Lundby, som fall ned på 91 meter.

Dermed enda ho 6,9 poeng bak Vogt, som hoppa seg opp frå tredjeplass og forsvarte VM-tittelen sin med hopp på 98,5 og 96,5 meter.

Det blei japansk sølv og bronse. Yuki Ito overraska med 2.-plass 2,0 poeng bak vinnaren, mens Takanashi enda på tredjeplass ytterlegare 1,5 poeng bak.

Maren Lundby var 3,4 poeng frå medalje i det jamne rennet.

Silje Opseth klarte å ta seg vidare til finaleomgangen som nummer 29 etter å ha hoppa 83 meter. I finalen blei det 79 meter, og ho enda sist av dei 31 som hoppa to gonger.

Anniken Mork hoppa for kort i første omgang (82 meter), og klarte ikkje ta seg vidare til finaleomgangen. Ho enda på 36.-plass.

(©NPK)