Mæland ventar med Troms-Finnmark til stortingsbehandlinga i haust

Kommunalminister Monica Mæland (H) legg prosessen med samanslåing av Finnmark og Troms på is fram til stortingsbehandlinga i haust.

Kommunalminister Monica Mæland (H) legg prosessen med samanslåing av Finnmark og Troms på is fram til stortingsbehandlinga i haust.

- Eg trur det er klokt no å sjå om Stortinget vil behandle dette på nytt eller ikkje. Vi treng ikkje kalle inn til noko nytt møte viss ikkje nokon møter, sa Mæland etter at ho måndag hadde snakka om den fastlåste prosessen med fylkesrådsleiar Willy Ørnebakk (Ap) frå Troms.

Det inneber likevel ikkje noka endeleg parkering, understrekar Mæland. Ho viser til det gjeldande stortingsvedtaket om at fylka skal slåast saman frå 1. januar 2020.

Fylkesordførar Ragnhild Vassvik (Ap) i Finnmark boikotta møtet der Mæland gjorde det klart at ho verken har heimel eller noko ønske om å overta prosessen, slik fylkestinget i Troms har bedt henne om.

Prestisje og tvang

Senterpartiet vil på det første stortingsmøtet i haust gjere framlegg om at «Troms og Finnmark slås ikke sammen fra 1. januar 2020».

- Når Mæland no seier at ho ventar på stortingsbehandlinga, så håper eg verkeleg at tida for prestisje og bruk av indre tvang er forbi. Vi har ikkje gitt opp håpet om å stanse tvangsekteskapet mellom Finnmark og Troms, som eit stort fleirtal i Finnmark har avvist, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NTB.

Innhaldet avgjer for KrF

Saka heng på forlikspartnaren KrF - som så langt ikkje vil seie kva dei tenkjer om framlegget frå Senterpartiet.

KrF-nestleiar Olaug Bollestad seier at partiet registrerer at Mæland legg prosessen lengst i nord på is til saka kjem opp i Stortinget.

- Vi har stor tru på regionreforma under føresetnad av at ho gir meir folkevald styring og fleire desentraliserte oppgåver, seier ho i ei tekstmelding til NTB.

Avvisande til trussel

Ap-leiar Jonas Gahr Støre kritiserer Mæland for at ho under Arendalsveka var inne på at heile regionreforma blir sett i fare dersom prosessen med å slå saman Finnmark og Troms havarerer.

- Mælands trussel må parkerast. Finnmark er i ein heilt spesiell posisjon. Kommunalministeren kan ikkje stille det minste og mest utsette fylket til ansvar for heile prosessen når alt dei har gjort, er å seie nei til tvang, seier Støre til NTB.

Han legg til at Ap er for regionreforma, men seier nei til bruk av tvang. Reforma heng ikkje på prosessen i Finnmark og Troms, meiner Støre:

- Regjeringa må sjå på alternativ framfor å køyre over, seier Ap-leiaren.

- Arrogant av Støre

Mæland slår hardt tilbake.

- Det er heilt utruleg av Ap-leiaren å seie at det er eit problem at eg rettar meg etter fleirtalet i Stortinget. Derimot er det eit problem at Arbeidarpartiet i Finnmark ikkje vil rette seg etter eit fleirtal i Stortinget, og at dei no får støtte får partileiaren sin, sa ho på spørsmål frå NTB under ein pressekonferanse etter møtet med Troms.

- Eg skulle ønskje at Støre hadde respekt for stortingsfleirtalet som har vedtatt denne regionreforma. Han viser ein arroganse overfor stortingsfleirtalet som eg meiner er alvorleg, sa kommunalministeren.

Ulykkeleg og ulovleg

Leiaren av kommunalkomiteen på Stortinget, Karin Andersen (SV), meiner det er grunn til varsamt å rose Mæland:

- Endeleg har Mæland innsett at vi ikkje oppnår auka lokaldemokrati ved å køyre over både folk og lokalpolitikarar, skriv Andersen i ein e-post til NTB.

Andersen meiner at Mæland opnar for å snu når statsråden no ventar på behandlinga i Stortinget til hausten.

- Da må fornufta rå. Slike ulykkelege og til og med ulovlege politiske hestehandlar må stoppast. Det blir eit ansvar KrF må ta, seier komitéleiaren.

Avviser lovbrot

Mæland nektar for at stortingsvedtaket er ulovleg, slik mellom andre jussprofessor Eivind Smith har uttalt.

- Somme hevdar samanslåinga kom til på grunnlag av eit benkeforslag utan å ha blitt greidd ut, og at Finnmark fylkeskommune ikkje har vore tilstrekkeleg høyrd. Dette vil eg tilbakevise. Forslaget til samanslåing, inkludert utgreiing og grunngiving, vart lagt fram for Stortinget i kommuneproposisjonen 2018, seier Mæland.

Fakta om samanslåinga av Finnmark og Troms

  • I regionreforma skal 19 fylkeskommunar reduserast til 11. Sør- og Nord-Trøndelag slo seg saman 1. januar 2018. Dei andre fylkessamanslåingane skal etter planen skje 1. januar 2020.
  • Lengst i nord er det planlagt samanslåing mellom Finnmark og Troms. Det nye storfylket dekkjer ein firedel av Noregs areal.
  • Prosessen er fastlåst etter at fylkestinget i Troms vedtok at dei ikkje kan delta i fellesnemnda så lenge Finnmark har vedtatt ikkje å stille med representantar. Kommunal- og regionalminister Monica Mæland (H) seier ho ikkje har mandat til å overta prosessen, slik Troms har bedt om.
  • Motstanden i Finnmark har vore massiv. 87 prosent av finnmarkingane stemte nei i ei folkerøysting i mai.
  • Den øvste politiske og administrative leiinga i regionen skal leggjast til Tromsø i samsvar med avtalen som vart mekla fram og seinare avvist av fylkestinget i Finnmark.

(©NPK)

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) og fylkesrådsleiar i Troms, Willy Ørnebakk (Ap) etter møtet måndag. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix