Annonse

Mann siktet for å ha tatt overgrepsbilete

(NPK-NTB): Politiet meiner ein mann i 60-åra frå Sunnmøre har produsert og distribuert filmar og bilete av overgrep mot barn. No er han varetektsfengsla under dei strengaste restriksjonane.

Mannen er sikta for produksjon, rådvelde og distribusjon av overgrepsbilete og -filmar, ifølgje TV 2.

Han er i Sunnmøre tingrett varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. Dei første to vekene må mannen sitte fullstendig isolert, medan politiet held fram den heilt innleiande etterforskinga.

– Han er varetektsfengsla blant anna på grunn av fare for bevisøydelegging. Vi er heilt i startfasen av etterforskinga og kan ikkje uttale oss ytterlegare om saka, seier politiadvokat Julie Ulstein i Møre og Romsdal politidistrikt.

Då politiet aksjonerte mot bustaden til mannen i førre veke, fann dei over 100 filmar og rundt 2.000 bilete som viser overgrep mot små barn.

Den vidare etterforskinga skal blant anna finne ut om mannen har produsert overgrepsfilmar og -bilete sjølv, slik politiet mistenkjer, i tillegg til kartleggje i kor stor grad bileta er blitt delt med andre.

Grunnkravet for varetektsfengsling er at det må vere sannsynleg at mannen har gjort det han er sikta for. (©NPK)