Annonse

Maradona i passtrøbbel

(NPK-NTB-AFP): Den argentinske fotballegenda Diego Maradona fekk ikkje forlate Argentina i helga som følgje av at passet hans var meldt stole.

Problemet var berre at passet til Maradona ikkje var stole. Den tidlegare fotballstjerna hadde det derimot med seg til flyplassen då han skulle reise til Dubai. Likevel fekk han utreiseforbod.

– Det er svært sjeldan at slikt skjer. Dei fortalde han at passet var meldt stole, trass i at han stod med det i handa, seier agent til Maradona, Diego Morla.

– Diego er verkeleg overraska over alt dette, som merkeleg nok skjedde rett etter at han hadde kritisert styresmaktene, tilføyer han.

Maradona fordømte i førre månad den nye argentinske regjeringa. Han hevda at landet har hamna «i kneståande» etter at dei nye statsrådane tok over kontora. (©NPK)