Marit Bjørgen blei tidenes vinterolympiar med eit suverent gull på OL-tremila

Marit Bjørgen smadra konkurrentane og tok eit suverent OL-gull på 30-kilometeren søndag. Sigeren gjorde at Noreg passerte Tyskland og blei beste nasjon i OL.

Utplasseringa og sigeren søndag gjorde også at Bjørgen gjekk forbi Ole Einar Bjørndalen og blei tidenes vinterolympiar med åtte gull.

Bjørgen gjekk på knallski og med perfekt teknikk. Ho sette opp hardt tempo frå start. Allereie etter 25 minutt stakk ho frå Charlotte Kalla. Den svenske jenta fekk smått åndenød samanlikna med Bjørgen.

Kallas ski så ikkje ut til å vere av same standard som Bjørgens første halvdel av løpet, og den svenske jenta hadde ikkje sjanse. Det hadde heller ingen av dei andre konkurrentane.

Bjørgen gjekk solo over 20 kilometer og cruisa i mål i einsam majestet.

Perfekt

Søndag tok ein OL-æra av dei heilt sjeldne slutt. Det skjedde i aldeles praktfullt påskevêr. Sola låg tung på skyfri himmel i Alpensia-området.

Det er 5860 dagar mellom Bjørgens OL-debut (2002) og -farvel. Ho starta den olympiske reisa med å bli nummer 50 på 15-kilometeren i fri teknikk som lærejente. Det skjedde ein laurdag i tynnlufta Salt Lake City.

Bjørgen kom då inn over sju minutt bak vinnaren, Italias Stefania Belmondo.

Held fram?

Etter det er det blitt ytterlegare 23 OL-startar på den norske veteranen. Medaljefasiten er åtte gull, fire sølv og tre bronse.

Bjørgen blir 38 år 21. mars. Det er tre dagar etter at verdscupen blir avslutta i Falun. VM i Seefeld neste år kan bli Bjørgens definitive farvel. Ho er lysten på å gå saman med Therese Johaug.

Avgjerda om karrierevalet kjem til våren.

(©NPK)

Marit Bjørgen knuste feltet på 3-mila i OL søndag. Dermed er ho tidenes vinterolympiar. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix