Annonse

Medieblackout i Jordan etter forfattar-drap

(NPK-NTB-AFP): Jordanske styresmakter innfører medieblackout på saker som omhandlar drapet på den kristne skribenten Nahed Hattar.

Blackouten gjeld både tradisjonelle medium og sosiale medium, og er innført for å sikre «hemmeleghald av etterforskinga», opplyser informasjonsdepartementet i landet.

Hattar blei skoten i hovudet og brystet frå kloss hald utanfor ein rettsbygning søndag og blei erklært død idet han kom til sjukehuset. Den 49 år gamle gjerningsmannen blei arrestert på staden. Han hadde skjegg og var kledd i ei grå lang drakt som blir brukt av konservative muslimske menn. Ifølgje jordanske medium mumla han lågt idet han utførte angrepet.

Hattar, ein 56 år gammal kristen journalist og forfattar, blei i midten av august tiltalt for å ha krenkt islam etter at han la ut ei omstridt karikaturteikning på Facebook-profilen sin.

Teikninga har tittelen «Guden til Daesh» og viser ein IS-krigar som sit ved sida av to liggjande kvinner. IS-krigaren ber om eit glas vin og nokre nøtter, i tillegg til ein golvvask, før han ber Gud om å banke på neste gong han kjem. (©NPK)