Annonse

Nær 5 millionar tre har døydd i sommarvarmen i Danmark

Det er ikkje berre grillglade danskar og dyr som har lidd under heten i Danmark i sommar. Også trea har hatt det vanskeleg.

Dansk Skovforening anslår at bortimot 5 millionar av dei minste trea som vart planta i vår, allereie er døde. Dei yngre trea på mellom to og ti år kjempar også for å komme gjennom tørken, ifølgje foreininga.

- Det er svært alvorleg. Det nærmar seg katastrofe, seier skogvaktar Anders Grube ved Stiftelsen Sorø Akademi på Sjælland til TV ØST.

Han anslår at over 250.000 tre i Sorø har døydd i varmen.

- Eg har aldri opplevd noko liknande, og eg har vore skogvaktar i 34 år. Det vesle regnet vi har fått, betyr ingenting for trea, seier Grube.

Ifølgje Dansk Skovforening er halvparten av alle nyplanta tre i Danmark døde.

- Ein snakkar om ei 100-års katastrofe. Så langt tilbake ein hugsar, har det aldri tidlegare skjedd at så mange tre har døydd på grunn av tørke, seier direktøren i foreininga, Jan Søndergaard, til TV-kanalen.

Seniorforskar Vivian Kvist Johannsen ved Institutt for Geovidenskap og Naturforvaltning ved Københavns Universitet bekreftar at situasjonen er spesiell.

- Trea er meir utsette for å få skadar eller døy i år enn kva vi nokosinne tidlegare har registrert, seier ho.

- Men kor hardt tørken har ramma, får vi nok tidlegast sjå til hausten, og kanskje først dei neste åra dersom vi er inne i ei rekkje av tørre somrar, seier Kvist Johannsen.

(©NPK)