Annonse

Norsk myntkunster med bidrag til det britiske prinsebryllaupet

Den norske kunstnaren Ingrid Austlid Rise har laga portrettet av prins Harry og Meghan Markle på baksida av den offisielle minnemynten frå prinsebryllaupet.

I ein e-post til NTB opplyser den norske formgivaren at ho vart kontakta av det leiande britiske mynt- og medaljeselskapet Tower Mint etter at ho hadde vunne ein pris for eit medaljeportrett av Tormod Hansen i 2015.

Det britiske selskapet har oppdraget med å lage den offisielle minnemynten frå giftarmålet mellom prins Harry og skodespelarinna Meghan Markle.

- Det var klart at det her var viktig å levere eit portrett på høgt kunstnerisk nivå, og eg var vald til den jobben, seier Rise, som har 31 års erfaring som formgivar og myntgravør hos Den Kongelige Mynt og Det Norske Myntverket.

Tekst og motiv på framsida av mynten, som blir distribuert av Royal Collection i Buckingham Palace saman med fleire andre minnegjenstandar, er laga av ein britisk kunstnar.

(©NPK)

Den eine sida av minnemyten i samband med at prins Harry gifter seg med Rachel Meghan Markle er laga av den norske kunstnaren Ingrid Austlid Rise. Her er eit bilete av modellen ho har laga. Foto: Ingrid Austlid Rise / NTB scanpix.