Annonse

Norske Skogs redningsplan får støtte frå storaksjonærane

Heile 75 prosent av dei 20 største aksjonærane i Norske Skog støttar den nye refinansieringsløysinga som vart lagt fram onsdag.

Det betyr at det allereie er tilstrekkeleg støtte frå aksjonærane til at redningsplanen kan bli akseptert og banka gjennom innan fristen onsdag 25. oktober. Minst to tredelar av aksjonærane må nemleg støtte forslaget.

Dei 20 største aksjonærane kontrollerer rundt 38 prosent av aksjane i Norske Skog.

- Vi er glade for å sjå at alle dei kjente og største aksjonærane vil støtte refinansieringsplanen. Som vi har sagt fleire gonger før, vil alle alternative løysingar føre til mykje dårlegare verdiar for alle partar og ytterlegare komplisere prosessen, seier styreleiar Christen Sveaas i ei børsmelding.

Viss framlegget til redningsplan blir vedtatt, kan det redusere gjelda til Norske Skog med nærare seks milliardar kroner og redusere dei årlege rentekostnadene med 400 millionar kroner, ifølgje Sveaas.

(©NPK)

Styreformann Christen Sveaas i Norske Skog er fornøgd med at to tredelar av dei største aksjonærane er positive til den nye refinansieringsplanen.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix