Northug stiller ikkje i Planica, OL-toget har truleg gått

Norges Skiforbund stadfestar at Petter Northug ikkje stiller til start i verdscupen i Planica. Dermed går trønderen glipp av sin siste OL-kvalifiseringssjanse.

- Petter er ikkje frisk. Det sit djupt i brystet, og han hostar framleis. Verdscupen i Planica går ut, og vi er innforstått med at OL også ryk, seier Northugs trenar Stig Rune Kveen.

Også landslagssjef Vidar Løfshus ser at den norske langrennstroppen truleg reiser til OL utan Northug.

- Vi har stadig kontakt med Petter. Sjansen for OL er låg, men døra er ikkje heilt lukka. Det er framleis ei opning for at vi skjønnsmessig kan vurdere Petter inn, seier Løfshus i pressemeldinga frå skiforbundet.

Northug skulle etter planen ha gått sprint i Planica laurdag, og 15 kilometer klassisk søndag. Fredrik Riseth og Johan Hoel erstattar han på desse distansane.

(©NPK)

Petter Northug blir ikkje frisk til verdscuprenna i Planica. Han kjem seg truleg ikkje til OL.
Foto: Ned Alley / NTB scanpix