Annonse

NRK mistar sjåarar og avviser påstand om streikebryting

Seks av ti sjåarar vart borte for NRK 17. mai. No kranglar streikande journalistar med leiinga om streikebryting. Prinsebryllaupet laurdag går utan kommentarar.

Dei streikande NRK-journalistane hevdar leiinga påla ein medarbeidar å drive med streikebryting 17. mai, men juridisk direktør Olav Nyhus meiner NRK er på trygg grunn.

Hendinga førte til ein demonstrasjon utanfor Marienlyst fredag ettermiddag.

- Vi har eit glasklart tilfelle av streikebryting under sendinga 17. mai, seier streikeleiar Jarle Roheim Håkonsen til NTB.

I tillegg reagerer journalistane på det dei meiner er ei lang rad gråsoneforhold.

Klagesak

Den konkrete saka handlar om at ein NRK-medarbeidar som er organisert i Tverrfagleg Forening (TF), og som altså ikkje er i streik, skal ha fått pålegg om å ta på seg oppgåvene til ein streikande journalist.

Gråsone-sakene handlar om innslag som er produserte før streiken, og som blir sende som om dei går direkte.

- Journalistar blir kontakta med spørsmål om dei er streikebrytarar, seier Roheim Håkonsen.

- Heilt trygg

Direktøren for NRKs juridiske avdeling, Olav Nyhus, meiner NRK har sitt på det tørre.

- Vi er heilt trygge på at det ikkje er noko tilfelle av streikebryting. Ingen medarbeidarar har gjort ein jobb som ikkje ligg innanfor funksjonen deira, seier Nyhus til NTB.

Han beklagar påstanden om streikebryting, som NRK-leiinga meiner er sett fram på sviktande grunnlag.

- Vi ber dei streikande NRK-journalistane om å respektere at vi har 1.700 medarbeidarar som ikkje er i streik, og som både har ein rett og ei plikt til å gjere jobben sin utan å bli møtt med slike påstandar, seier Nyhus.

Mista sjåarar

Samtidig reagerte 280.000 sjåarar med å vende ryggen til NRK nasjonaldagen. Eit snitt på 188.000 sjåarar gjennom 17. mai-sendinga er 60 prosent lågare enn for eit år sidan.

TV 2 vart på si side marknadsvinnar med ei tredobling av sjåartala frå i fjor og ein marknadsdel på 54 prosent i målgruppa 10-79 år.

NRK kuttar det rojale bryllaupet mellom prins Harry og Meghan Markle laurdag med ein halv time i kvar ende til totalt tre timar, og det blir ingen kommentar på bileta frå Storbritannia, opplyser NRK fredag.

Økonomisk tap

I tillegg til sjåarflukta, blir NRK òg ramma økonomisk av journaliststreiken.

Ifølgje Dagens Næringsliv sparer NRK 4 millionar kroner kvar dag dei 1.700 NJ-organiserte journalistane streikar.

Dette er likevel mindre enn det kanalen taper som følgje av at dei må utsetje igangsette produksjonar, seier økonomidirektør Andreas Nordvik til avisa.

(©NPK)

Det er stor frustrasjon blant alle NRK-journalistane fordi NRK publiserer nytt innhald av journalistar som er i streik, og fordi andre NRK-medarbeidarar blir pålagde å ta arbeidsoppgåvene til journalistar i streik. Streikeleiar Jarle Roheim Håkonsen held appell.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix