Annonse

NRK: Schumann risikerer ny forvaringsdom

Politiet meiner Nokas-dømde Kjell Alrich Schumann har brote eit besøksforbod som han fekk i januar etter ein episode i Stavanger.

Den tidlegare Nokas-ranaren er framleis på prøvetid etter at han blei sett fri frå forvaring for snart fire år sidan. No har Schumann fått besøksforbod mot den tidlegare kona si i Stavanger som han, slik politiet oppfattar det, har brote, fortel NRK.

Rikskringkastaren kjenner til at politiet og statsadvokaten vurderer ny forvaringssak på grunnlag av det påståtte brotet på besøksforbodet til Schumann, kombinert med andre tilhøve som dei førebels ikkje vil seia meir om.

Dersom ein tidlegare forvaringsdømd gjer ei ny straffbar handling i prøvetida kan statsadvokaten velja å reisa ei sak for tingretten for innsetjing i forvaring på nytt.

- Nye straffbare forhold kan på generelt grunnlag føra til innsetjing på nytt, og vi følgjer nøye med på situasjonen hans. I tillegg til dei generelle vilkåra for prøvefrisetjing følgjer vi også med på om dei spesielle vilkåra blir haldne, seier politiinspektør Lars Ole Berge i Sørvest politidistrikt.

Schumann sjølv ønskjer ikkje å kommentera saka overfor NRK.

(©NPK)

Kjell Alrich Schumann (t.h) blei dømd til 16 års forvaring med minstetid på ti år for deltakinga si i Nokas-ranet i 2004. Han er framleis ute på prøvetid etter at han blir sett fri i 2014. Forsvararen til Schumann, Fredrik Schøne Brodwall (t.v.), i samtale før rettsmøtet i 2013.
Foto: Ned Alley / NTB scanpix