Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Annonse
Annonse

fredag 24. februar 2017

Frivillig arbeid gjev mykje glede

Frivillig arbeid gjev mykje glede

Gründer Monica Jensen Hellmann (t.v.) frå Det Glutenfrie Verksted var ein av foredragshaldarane på NCF si samling på Gardermoen nyleg der bakeleiar og likeperson Hjørdis Almelid Vikenes deltok. Foto: Erica Wie Dia

Nyleg deltok Hjørdis Almelid Vikenes i frå Ørsta på ei samling i regi av Norsk cøliakiforeining (NCF) på Gardermoen. Ho er både bakeleiar og likeperson i NCF.

Skrevet av:

Oppdatert:
19.09.2016 kl 15:10

Og Almelid Vikenes seier det frivillige arbeidet gjev mykje glede.

– Å vere med på frivillig arbeid i regi av ulike lag og organisasjonar gjev meg mykje glede, gode vennskap, lærerike stunder og mange varierte arbeidsoppgåver. Tidvis kan det vere hektisk, men likefullt gjevande, seier Almelid Vikenes.

– I desse dagar byrjar ofte valnemndene sitt arbeid. Kanskje du også vil verte ein frivillig medarbeidar i eit lag eller ein organisasjon? Det er ofte mange typar verv som skal fyllast, så ein treng folk med ulike interesser og ulike kunnskapar i alle samanhengar, seier ho.

Glutenfrie kurs

Og Almelid fekk godt utbytte av kursa på Gardermoen

– På Gardermoen fekk vi møte to kvinnelege gründerar som har brukt kunnskapane sine på det glutenfrie feltet til å skape to verksemder. På den måten kan dei vere med å lette det glutenfrie livet for andre. Vidare fekk vi innsyn i korleis dei heilt nye matkursa til cøliakiforeininga skal vere. Det er nokre bakeleiarar som har skulert seg spesielt på dette med glutenfri varmmat. Eit slikt matkurs vert det på Skodje laurdag 22. oktober. Eg er så heldig at eg får delta som assistent på det kurset, der Gerd Tennøy er bakeleiar, fortel Almelid Vikenes.

Elles vert det også eit tradisjonelt gjærdeigskurs på Flisnes skule tysdag 27. september om kvelden med Bente Raknes som bakeleiar.

– Eg får også gleda av å hjelpe til på eit gjærdeigskurs i Førde seinare i haust. Vi kan ikkje la fylkesgrensene hindre oss i å lære andre å bake glutenfritt, meiner bakeleiaren frå Ørsta.

Ferske brødskiver

Se bildet større

Gründer Rita Haga frå Brødskiva AS fortalde om korleis ho har utvikla eit brødskivejern slik at ho kan steikje seg ferske glutenfrie brødskiver dagleg.

I 2011 fikk Rita Haga konstatert cøliaki. Det første som slo henne då, var at ho trengte kunnskap og hjelp. Ho melde seg difor inn i Norsk cøliakiforening.

– Kort tid etter innmeldinga deltok eg på bakekurs i regi av NCF. Bakekurset var ei slik positiv oppleving og viktig erfaring for meg at eg valte å bli bakeleiar sjølv. Eg ønskte å meistre det å bake glutenfritt. I prosessen med å lære dukka ein idé opp. Kvifor ikkje lage ei glutenfri brødskive enkelt samtidig som ho også kan etast nysteikt?

I 2013 starta ho firmaet Brødskiva AS. Produkta ho tilbyr er eit brødjern med tilpassa mjølblanding. Sommaren 2016 vart nettbutikken brodskiva.no opna. Hennar glutenfrie mjølblanding er like lett å lage som ein vaffel, nysteikt når ein ønskjer det og er fleksibel med tanke på smak og innhald.

Det Glutenfrie Verksted

NCF deler årleg ut ulike prisar til glutenfrie aktørar som leverer gode glutenfrie varer. Prisen Årets Glutenfrie Produsent 2015 gjekk til Det Glutenfrie Verksted ved Monica Jensen Hellmann.

– Det Glutenfrie Verksted er eit resultat av mange timar på leit etter gode, næringsrike og smakfulle glutenfrie produkt. Då eg sjølv fekk cøliaki, og diabetes, tok det ikkje lang tid før eg sakna glutenfrie produkt som smakte godt med sunne ingrediensar. Etter mange forsøk heime på kjøkkenbenken har eg lansert fleire bakemiksar. Alle miksane er glutenfrie, økologiske og helt utan kveitestivelse, fortel ho.

– Som nyleg diagnostisert er det lurt å melde seg på eit av bakekursa i regi av NCF. Der treff du kyndige og erfarne bakeleiarar som viser deg korleis du enkelt kan bake gode glutenfrie alternativ. For meg var det heilt klart til stor hjelp både som vaksen, men også då min eldste fekk diagnosen året etter meg. Det vart ei hyggeleg oppleving både for han og meg, og lykka var stor da vi kunne gå heim frå bakekurset med fleire smaksprøver fint pakka ned i små poser, seier Monica Jensen Hellmann.

Siste nytt i Nyhende

Fleire menn enn kvinner

I Volda og Ørsta:

Fleire menn enn kvinner

  • Statistikk

Det er 65 fleire innbyggjarar i Volda kommune no enn i 2016. I Ørsta kommune er det 67 fleire.

Volda skisenter opnar i dag

Volda skisenter opnar i dag

Nysnøen har gjort det mogleg å opne Volda skisenter på Reset i dag, fredag.

Google Maps

Buss med sju passasjerar velta

  • Bussulukke

Politiet melder at ein buss har velta i Sande kommune.

 
Kranglete og vanskelege

Kranglete og vanskelege

Politiet måtte aksjonere mot to unge kvinner torsdag kveld.

Damelaget med 16 sigrar på rad

KFUM Volda:

Damelaget med 16 sigrar på rad

  • Volleyball

Trass i at Fræna stilte med det sterkaste laget på mange år, var det likevel Volda som kunne ta med seg sigeren heim.

Trafikkulukke i Ørsta

Trafikkulukke i Ørsta

  • Politi

Politiet melde torsdag ettermiddag om ei trafikkulukke i Ørsta.

 
Skisenteret ope i Hornindal

Skisenteret ope i Hornindal

  • Hornindal

Hornindal Skisenter meder at dei opnar skitrekket i ettermiddag.

-	Eg er aldri heilt privatperson

Ørstarådmannen om private synspunkt i Osgeilasaka

- Eg er aldri heilt privatperson

  • Osgeila

I august 2016 sende rådmannen i Ørsta to e-postar til personar i administrasjonen, som hadde jobba opp mot Osgeilasaka. Møre har stilt spørsmål om det var rett å bruke rådmannsmailen til å fremje eigeninteresse, og blande det inn i den administrative diskusjonen om Osgeila.

Trine Ramsvik Stette vinnar av miniatyrstemne

Trine Ramsvik Stette vinnar av miniatyrstemne

  • Sport

Volda skyttarlag arrangerte i helga ope stemne i miniatyrskyting. Det var stor deltaking, heile 81 skyttarar fann vegen til skytebana i aulakjellaren på Volda ungdomsskule. Trine Ramsvik Stette frå Engesetdal/Skodje viste god form og drog sigeren i land med 245 poeng.

 
Voldingar gjekk fem mil i Tsjekkia

Voldingar gjekk fem mil i Tsjekkia

  • Skisport

Tretten skiglade voldingar reiste førre fredag til Liberec i Tsjekkia for å gå det fem mil lange skiløpet Jizerská.

Åtvarar mot falske e-postar

Tussa:

Åtvarar mot falske e-postar

  • Svindelforsøk

Tussa har sendt ut åtvaring til alle sine kundar om at det er sendt ut ei stor mengde med falske faktura på e-post.

Volding kan bli Årets Urørt

Volding kan bli Årets Urørt

  • Musikk

Jonas Krøvel (23) frå Volda og bandet Pom poko er ein av fire nominerte band og artistar som kan bli Årets Urørt.

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!