Du må være innlogget for å få tilgang til alle nyheter! Logg inn eller opprett brukerkonto.

Annonse
Annonse

måndag 23. januar 2017

Uakseptabelt om Volda vert utan symjehall

Uakseptabelt om Volda vert utan symjehall

John Rotevatn frå VTI Allianseidrettslaget og Tor Mikalsen frå VTI-Symjegruppa seier det vil få fatale konsekvensar om Volda misser symjehallen. – Det er ikkje så lenge til 2020 og tida for eksisterande symjehall er på hell. No må noko gjerast, og det raskt! Foto: Tore Aarflot

- Toget går no seier Sjurgard, men han må syte for at alle vognene er kopla på, seier Tor Mikalsen og John Rotevatn.

Skrevet av:

VTI-Symjegruppa uttrykker stor uro kring framtida for symjebasseng i Volda.

- Dersom det ikkje no vert snakka høgt om trongen for eit symjeanlegg i Volda, ser vi konturane av eit scenario som faktisk kan radere heile symjemiljøet og symjeopplæringa i Volda sentrum, seier Tor Mikalsen på vegne av Symjegruppa i Volda og John Rotevatn på vegne av VTI Allianseidrettslaget.

Må ha renovering

- Det har kome varsel om at det krevst omfattande renovering av symjehallen i nær framtid dersom den framleis skal vere i drift. Symjegruppa stiller spørsmål om det er realistisk at noko faktisk vert gjort med hallen for vidare drift. Slik signala er frå ulike hald, kan sanering av bygget vere neste steg. Det er mange som no undrar seg over at det ikkje er nemnd med eitt ord, denne utfordringa i dei siste utspela i media. For utfordring er det, særskilt for Volda kommune. Om resultatet vert sanering av symjehallen, er det ei stor krise for volda-samfunnet om ein ikkje tek høgde for planlegging og prosjektering av ny symjehall, seier Mikalsen.

Mange involverte gjennom året

- Det er mange som er innom symjinga anten i opplæringsøyemed, som idrott eller som fritidsaktivitet. Symjeskuleansvarleg i symjegruppa, Anne-Britt Aambø Hallaråker, seier at det denne sesongen, grovt rekna, vil vere nærare 500 deltakarar på ulike kurs i regi av klubben. Dette i tillegg til gruppa med aktive symjarar, som etter kvart har vakse seg såpass stor, at vi tidvis slit med nok bassengplass, viser Rotevatn til.

Viktige symjekurs

Symjekursa vart i si tid starta opp for å finansiere den daglege drifta av klubben, i tillegg til rekruttering av nye symjarar.

- Symjekursa fylgjer retningslinjer utarbeidd av Norges Svømmeforbund og er tufta på grundig og korrekt opplæring i dei grunnleggjande teknikkane for å verte trygge i vatn. I tillegg har vi også hatt utøvarar som har hevda seg lokalt, regionalt og på nasjonalt nivå. For dei som hugsa klubben tilbake til 70- talet, så var jo det ei glanstid for symjesporten i Volda. Vi ser i dag ei auke i talet aktive medlemmar og barn som trenar jamt og som gjer det bra, seier Mikalsen.

Lovpålagd opplæring

- Siste åra har det kome nye krav til symjeopplæring gjennom opplæringslova. For å sikre at krava vert nådd, bør ein starte tidleg, ha tilstrekkeleg og kvalifisert opplæring. Slik bassengsituasjonen kan sjå ut til å bli, vil dette nærast bli uråd, poengterer dei to representantane frå idretten.

Disponering av areal

- Det ser ut til at Høgskulen og Volda kommune har funne ein god tone. Dette er dei to største aktørane i sentrum av kommunen, for å vere pådrivar for god utvikling og tilretteleggarar for allment gode løysingar, og er såleis både naturleg og bra. Høgskulen har uttrykt vilje til å avsjå areal til hall, i nær tilknyting til Øyra skule. Symjegruppa vonar at også symjehall no er med i desse planane og at det blir sett fokus på kva som skjer den dagen leigeavtalen mellom Høgskulen og Statsbygg entuelt vert sagt opp i 2020, seier Mikalsen.

Symjegruppa vonar at planlegginga som no er i gong, tek høgde for tilstrekkeleg areal til å stette behova. Med behov, så meiner VTI-Symjegruppa at det er trong for både eit 25 meter basseng og eit med tilstøytande opplæringsbasseng for å drive både opplæring og symjing som idrett i tillegg til folkehelsefremjande aktivitet.

Krev handling frå dei folkevalde

- Symjegruppa har tidlegare etterlyst kommunalt engasjement. Kravet om renovering av hallen, gjer at det no krevst handling frå dei folkevalde i kommunen. Det faktum at ein no kan stå utan symjebasseng i Volda sentrum om få år, ser reell ut, meiner VTI-Symjegruppa. Det må utgreiast og planleggast bassenganlegg i same byggesteg som resten av idrettshallen som no er under planlegging, og dette arbeidet må startast omgåande, seier Rotevatn og Mikalsen.

Oppmoding

- Symjegruppa med VTI-Allianse idrettslaget i ryggen, oppmodar alle som har interesse for symjeopplæring og idretten i Volda, politikarar og administrasjonen i Volda kommune om å no sikre seg at alle vogner er kopla på, før toget går, seier Rotevatn og Mikalsen.

Siste nytt i Nyhende

Kommunen byrjar utgreiing

Storbarnehage i sentrum?

Kommunen byrjar utgreiing

Volda kommune byrjar ei utgreiing om barnehagedrifta i sentrum, og vil vurdere å bygge ein ny barnehage som kan samle dei kommunale barnehagane. Målsetjinga er å ha utgreiinga ferdig til sommaren.

Lånekassa i Ørsta berga

Lånekassa i Ørsta berga

Over tjue statlege arbeidsplassar ved Lånekassen i Ørsta er berga.

Låg vekst i trafikktala

Eiksundsambandet og Kvivsvegen:

Låg vekst i trafikktala

Trafikken gjennom Eiksundsambandet og på Kvivsvegen vekst framleis, men i mindre grad enn tidlegare år.

 
Brannutrykking i Volda

Brannutrykking i Volda

Søndag like før kl. 19 rykte Volda brann og redning ut.

Pretre AS satsar i Volda

Pretre AS satsar i Volda

Pretre AS opna avdelingskontor i Volda i fjor haust, og går inn i det nye året med to nytilsette.

Trekker krav om geoteknisk undersøking i K10-feltet

Volda kommune:

Trekker krav om geoteknisk undersøking i K10-feltet

Volda kommune har sendt ut brev til tomteeigarane i K10-feltet med krav om utføring av geoteknisk kontroll, men etter innspel har kommunen gjort ei ny vurdering og valt å trekkje kravet.

 
Trafikkulukke i Hovdebygda

Mistanke om ruskøyring:

Trafikkulukke i Hovdebygda

Politiet melde søndag morgon om ei trafikkulukke i Hovdebygda.

Krangel og slagsmål

Krangel og slagsmål

Politiet melder om fleire tilløp til krangel og slåsting natt til søndag

Vikebygda skule fekk bokgåve

Vikebygda skule fekk bokgåve

Fredag fekk 4.-klasse ved Vikebygda skule besøk av to representantar frå Volda Mållag. Dei hadde med seg ei flott bokgåve til skulen.

 
Vil ruste opp leikeplassen

Folkestad skule:

Vil ruste opp leikeplassen

Folkestad skule har inngått samarbeid med lokale idretts- og grendalag for å utvikle eksisterande leikeplassområde ved skulen.

Ungdomar i Ørsta brukar nett som ein «møtestad»

Ungdomar i Ørsta brukar nett som ein «møtestad»

Tal frå ungdata-undersøkinga som vart gjort på Ørsta ungdomsskule og hjå vidaregåande elevar frå Ørsta, viser at ungdomen brukar mykje tid på nettet på kvelden.

Vil halde oppe akuttkirurgien i Volda

Styremøte i Helse Møre og Romsdal HF:

Vil halde oppe akuttkirurgien i Volda

I forslag til vedtak i komande styremøte er det rådd til at Helse Møre og Romsdal HF skal halde oppe eit akuttkirurgisk tilbod ved Volda sjukehus.

Do NOT follow this link or you will be banned from the site!