Annonse

Nytt tilfelle av hjortesjukdomen CWD i Noreg

(NPK-NTB): Ein villrein i Sogn og Fjordane har fått påvist sjukdomen Chronic Wasting Disease (CWD). Det er fjerde gong denne sjukdomen blir påvist i Noreg.

Sjukdomen blei påvist hos reinen under eit kartleggingsprogram i samband med jakta, opplyser Mattilsynet. Reinsdyret blei skote i det same området i Nordfjella der det første tilfellet av sjukdomen blei påvist i vår.

Hittil er 100 reinsdyr i dette området testa, og alle andre prøver har vore negative.

Tidlegare er sjukdomen påvist hos ein villrein i Lærdal i april og to elgar i Trøndelag i mai.

– Vi vurderer det framleis slik at det er svært liten risiko for at sjukdomen skal smitte til menneske, men for å vere på den sikre sida godkjenner vi ikkje at kjøt frå dyr som testar positivt, skal etast, seier seniorrådgjevar Solfrid Åmdal i seksjon dyrehelse i Mattilsynet.

15.000 dyr skal testast i regi av Mattilsynet og Miljødirektoratet i år. Jegerar og andre som ser sjuke eller daude hjortedyr, blir bedne om å melde frå til Mattilsynet. (©NPK)