Annonse

Ødegaard ikkje med i supercup-troppen

Martin Ødegaard var ikkje med då Real Madrid måndag offentleggjorde troppen til supercupduellen mot Atlético Madrid i Tallinn onsdag.

Kampen i Estland er ein duell mellom meisterliga- og europaligavinnarar i førre sesong.

Den ferske Real Madrid-trenaren Julen Lopetegui har teke ut 29 spelarar i troppen til oppgjeret. Martin Ødegaard er ikkje blant dei.

Nordmannen var med i Reals 30-mannstropp til treningskampen mot Milan laurdag, men kom ikkje på banen. Det er brei semje blant fotballekspertar om at han kjem til å gå ut på eit sesonglangt lån om kort tid.

Klubbar i den engelske meisterskapsserien skal vera blant dei aktuelle. Aston Villa og Derby er begge nemnde.

Kontrakten til Ødegaard med Real Madrid skal gå til 2021.

Marca skreiv tidlegare i august at trenar Lopetegui likar Ødegaard og skal vera villig til å gje han tid til å blomstra.

(©NPK)

Martin Ødegaard er ikkje med i Real Madrid-troppen til supercupoppgjeret mot byrival Atletico onsdag. Foto: Berit Roald / NTB scanpix