Oljearbeidarar manglar tillit til Airbus

Tillitsvalde har liten tillit til helikopterleverandøren Airbus og meiner Statoil må sikra fleire helikoptertypar i flåten.

Havarikommisjonen sa fredag at det var ein sprekk i eit tannhjul som var årsak til ulykka der 13 oljearbeidarar omkom ved Turøy utanfor Sotra for eitt år sidan. Helikopteret var eit EC225 Super Puma produsert av Airbus. Ein tilsvarande svikt i eit Airbus-helikopter var årsak til ei ulykke utanfor Skottland i 2009.

- Det er urovekkjande at dei ikkje gjorde ein jobb sist gong, og tilliten til Airbus er kraftig svekt, seier Bjørn Asle Teige, konserntillitsvald i Safe til NRK.

Han seier dei vil krevja å få nye helikopter, noko fagforeininga Industri Energi støttar.

Det er underleverandørar som står for helikoptertransporten av oljearbeidarane. I avtalane kan Statoil spesifisera kva helikoptertypar dei ønskjer. Helikoptertypen som var involvert i ulykka i fjor er sett på bakken, og det er no berre Sikorsky-helikopter som transporterer tilsette til oljeplattformene.

Pressekontakt Morten Eek i Statoil seier selskapet aldri vil ta i bruk Super Puma-helikopteret igjen.

Han seier at dei ser på andre helikopter, men at ingen avtale er på plass.

(©NPK)