Annonse

Oljeproduksjonen på Goliat vart nær halvert i fjor 

Feil, manglar, reparasjonar og stoppordre frå Petroleumstilsynet førte til at  oljeproduksjonen på Goliat-feltet vart 44 prosent mindre enn planlagt i fjor.

- Det var eit spesielt tøft år der vi fiksa frykteleg mange ting. Vi hadde eit produksjonstap i fjor som følgje av ei rekkje avbrot, seier direktør Phil Hemmens i Eni Norge til Dagens Næringsliv.

Fire månader stopp i oljeproduksjonen førte til 5,9 milliardar kroner i reduserte inntekter frå «Goliat» i 2017 for oljeselskapet, ifølgje berekningane til avisa.

- Vi har vore i røft farvatn, men har snudd skipet og går jamt og stødig framover, seier Hemmens.

Dei to siste månadane har plattforma produsert for fullt alle dagar.

(©NPK)

Nedstenginga av Goliat-plattforma førte til lågare oljeproduksjon i 2017 enn venta. Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB scanpix