Annonse

Over 300 skadde då plattform kollapsa i den spanske byen Vigo

Over 300 tilhøyrarar vart skadde, fem av dei alvorleg, då ein plattform ved sjøkanten kollapsa under ein konsert i den spanske byen Vigo søndag kveld.

Plattforma var ein trekonstruksjon, 30 meter lang og 10 meter brei. Den var stappfull av musikkfans som ville høyre på rap-artisten Rels B frå Mallorca. Plutseleg knelte det heile, og mange skleid ut i sjøen.

- Det er for tidleg å seie kva årsaka er. Men vi trur ikkje at nokon sit inneklemt under plattforma, seier borgarmeister Abel Caballero.

Hamnemyndigheitene meiner det er snakk om ein konstruksjonsfeil som gjorde at plattforma datt saman, trass i at den vart halden oppe av betongpilarar.

Vigo ligg nordvest i Spania, like nord for Portugal.

(©NPK)