Annonse

Palestinsk kvinne drepen av israelsk politi etter mogleg knivangrep

Israelsk politi seier dei har skote og drepe ei palestinsk kvinne som angreip dei med kniv ved gamlebyen i Jerusalem. 

Kvinna prøvde å knivstikke politifolk som heldt vakt ved ein av inngangane i bymuren i gamlebyen, opplyser talskvinne for politiet Luba Samri. Kvinna blei derimot skoten før ho rakk å stikke nokon.

Bilete på sosiale medium viser ei tilsynelatande middelaldrande kvinne som ligg på bakken med ansiktet ned.

Israelske styrkar har drepe minst 240 palestinarar sidan september 2015. Det var då palestinarar, mange av dei svært unge, begynte å angripe tilfeldige israelarar, politifolk og soldatar.

41 israelarar og to amerikanarar er drepne i angrepa. Dei aller fleste blei enten knivstukne eller køyrde ned, og enkelte har også blitt skotne.

Medan israelske styresmakter skuldar palestinske leiarar for å hisse til vald, seier palestinarar at valden kjem av frustrasjonen over den israelske okkupasjonen av palestinske område og manglande framtidshåp.

(©NPK)