Annonse

Pave Frans til Egypt for å fremja fred

Pave Frans har starta eit historisk besøk i Egypt, der han håpar å bidra til dialog mellom kristne og muslimar.

Statsminister Sherif Ismail og fleire kristne leiarar tok fredag imot paven på flyplassen i Kairo.

- Dette er ei reise for einskap og brorskap. Kortare enn to dagar, men veldig intens, sa paven like før han gjekk av Alitalia-flyet.

Seinare på dagen skulle han møta president Abdel Fattah al-Sisi.

Under besøket skal han vera med på ein internasjonal fredskonferanse arrangert av Al-Azhar, det fremste sunnimuslimske lærestaden i verda. Han skal også ha samtalar med nokre av dei fremste muslimske leiarane i Egypt.

Paven har uttrykt håp om at besøket kan bidra til dialog mellom kristne og muslimar i eit land der den kristne minoriteten har blitt utsett for ei rekkje blodige terrorangrep.

(©NPK)