Putin meiner atomvåpenforbod er mogleg

Eit globalt forbod mot atomvåpen er ikkje umogleg, meiner Russlands president Vladimir Putin.

Russland «ønskjer eit slikt forbod og vil streve etter det», sa Putin under eit møte med utanrikspolitiske ekspertar i det såkalla Valdai-forumet torsdag.

Putin viste til at det no blir utvikla nye presisjonsvåpen som kan gi like store øydeleggingar som atomvåpen, og han stadfesta at også Russland er i ferd med å utvikle slike våpen. På sikt kan atomvåpena derfor erstattast, meiner han.

Både Putin og andre russiske leiarar har tidlegare sagt at dei ser eit globalt forbod mot atomvåpen som urealistisk.

(©NPK)

President Vladimir Putin ser ikkje lenger på eit globalt atomvåpenforbod som urealistisk. Foto: AP / NTB scanpix