Annonse

Ras sperrar fylkesveg i Sogn og Fjordane

Det har gått eit steinras over fylkesveg 616 ved Skatestraumtunnelen på Bremanger-sida i Nordfjord. Vegen vil ikkje bli opna før tidlegast fredag morgon.

- Det har gått eit stein- og jordras som skal vere 25 meter langt og fem meter høgt, seier operasjonsleiar Olaug Holme hos politiet i Florø, til NRK.

Det er ingenting som tyder på at nokon er tatt av raset. Politiet melde om raset på Twitter i 18.30-tida. Ifølgje NRK vil ein geolog sjekke rasstaden fredag formiddag.

Vegtrafikksentralen opplyser at vegen ikkje blir opna torsdag.

(©NPK)