Annonse

Regjeringa foreslår aksjesparing for privatpersonar

Regjeringa foreslår ei ny forskrift slik at bankane kan tilby aksjesparekonto til privatpersonar som ønskjer å investere i aksjar og aksjefond. 

I samband med statsbudsjettet for 2017 vart det foreslått ei ordning der personlege skattytarar kan opprette ein aksjesparekonto. Torsdag sende Finansdepartementet ei ny forskrift om dette på høyring, som inneber at aksjesparekonto skal kunne tilbydast av bank, verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond.

I høyringsnotatet foreslår departementet blant anna reglar om informasjonsplikta tilbydar har overfor kontohavar. Det vert også foreslått reglar om overføring av aksjesparekonto til annan tilbydar og oppseiing av konto.

Finansminister Siv Jensen (Frp) meiner at forslaget kan gjere det enklare og meir fleksibelt for småspararar å investere i aksjar og aksjefond.

- Før ordninga kan tre i kraft, må det regulerast nærmare kven som skal kunne tilby ho og kva tenester som skal inngå i ordninga, heiter det på heimesidene til departementet.

Høyringsfristen er sett til 12. mai.

(©NPK)