Regjeringa vurderer forslag om fjelltoppgåve

(NPK-NTB): Finland feirar 100 år som sjølvstendig stat neste år, og formannskapet i Kåfjord meiner at Noreg bør gje Finland ein fjelltopp i gåve. Statsministeren vurderer no saka.

Fjellet Halti er det høgste fjellet i Finland og ragar beskjedne (i norsk målestokk) 1.324 meter over havet. Men fjellet ligg på grensa mellom Noreg og Finland, og sjølve fjelltoppen på 1.361 meter over havet ligg på norsk side.

Forslaget frå formannskapet i Kåfjord kommune vekte oppsikt då det tidlegare i år. Kommunen ønskjer å flytta grensa med 40 meter slik at heile fjellet hamnar på finsk side av grensa. Dermed kan Finland skryta av å ha ein fjelltopp som ragar ytterlegare 37 meter over havet. Ein passande 100-årsgåve, meiner Kåfjord kommune.

Michael Tetzschner (H), nestleiar i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité, sa i mars at det ikkje var aktuelt å støtta ein «slik forvilla tanke», medan Utanriksdepartementet meinte det kom i konflikt med Grunnlova.

Statsminister Erna Solberg (H) stadfestar no overfor TV 2 at regjeringa har fått forslaget til vurdering.

– Det er nokre formelle utfordringar, og førebels har eg ikkje gjort meg opp noko meining om eg vil støtta dette. Men vi ser på saka, seier statsministeren.

Halti er ein populær stad for fjellturar, særleg frå norsk side av grensa. (©NPK)