Annonse

Rekordnotering for aksjebørsen Nasdaq

Den elektroniske aksjebørsen Nasdaq enda med rekordnotering tysdag etter at sjefen for sentralbanken gav ei optimistisk vurdering av amerikansk økonomi.

Nasdaq er dominert av teknologiaksjar og selskap som Alphabet, Facebook og Microsoft fekk eit løft gjennom dagen. Sluttnoteringa blei 7.855,12. Dette er 30 poeng høgare enn førre rekord frå 13. juli.

Tendensen blei styrkt av at sentralbanksjef Jerome Powell sa at fundamentet i amerikansk økonomi verka solid, trass i uvisse knytt til dei handelskonfliktane som no går føre seg.

(©NPK)