Annonse

Renteoppgangen rykker nærmare

Tida med rekordlåg styringsrente er i ferd med å renne ut. Rentemøtet neste veke er truleg det siste der Noregs Bank held fast på 0,5-talet.

Ekspertar og analytikarar tenkjer likt før Norges Banks rentemøte kommande torsdag. Styringsrenta vil liggje uendra på 0,5 prosent - samtidig som utsiktene til renteheving i september blir haldne fast.

Sentralbanksjef Øystein Olsen var så klar han kunne bli etter det førre rentemøtet til Noregs Bank i juni:

- Slik vi no vurderer utsiktene og risikobildet, vil styringsrenta mest sannsynleg bli sett opp i september i år, varsla han.

Sidan den gong har tinga stort sett utvikla seg i tråd med utrekningar frå sentralbanken, samanfattar sjefanalytikar Erik Bruce i Nordea og sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Markets overfor NTB.

Blikket mot september

- Rentemøtet alle tenkjer mest på no, er det som kjem i september. Til veka er det berre venta ei løypemelding der Noregs Bank samanfattar utviklinga i norsk og internasjonal økonomi sidan sist. Teksten vil truleg vere sett saman på ein slik måte at alle forstår at ein er på stø kurs mot renteheving i september, seier Haugland.

- I sum har utviklinga vore i tråd med det Noregs Bank la til grunn i juni, tilføyer ho.

Prisa inn

Bruce seier at det ikkje har skjedd noko dramatisk sidan juni-rentemøtet som skulle tilseie at Noregs Bank endrar syn.

- Eg er så sikker som eg kan vere på at det blir uendra styringsrente no. Og samtidig at det kjem eit klart signal om renteheving i september, seier han.

Ei slik utvikling vil vere heilt i tråd med dei samla forventningane i marknaden.

- Ut frå det ein kan lese ut av framtidsprisar på renteavtaler, så er marknaden førebudd på uendra styringsrente no og oppgang i september, seier Bruce.

- Alt anna vil vere ei stor overrasking, stemmer Haugland i.

4 prosent

Pengepolitisk rapport som Olsen la fram i juni, antydar ein styringsrente noko over 2 prosent ved utgangen av 2021. Det tilseier ei rente på eit vanleg bustadlån på rundt 4 prosent tre år fram i tid.

Den venta renteauken i haust vil vere første endring sidan styringsrenta blei søkkt til rekordlåge 0,5 prosent mars 2016. Ikkje sidan 2011 har Noregs Bank sett opp styringsrenta.

(©NPK)

Sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Markets meiner det vil vere ei stor overrasking dersom Noregs Bank under rentemøtet kommande torsdag ikkje held fast på at styringsrenta skal opp i september. Foto: Thomas Winje Øijord / NTB scanpix